fredag 28. desember 2007

Jes. 65,1-7.

Israels folk ber om hjelp og frlse. Herren gir svar. Han er alltid villig å tilgi og ta imot dei. Han har til og med teke imot heidningar, som ikkje spurde etter han. - Det må særleg peika framover mot evangeliet si tid.

Men Israel var gjenstridig og gjekk sin eigen veg. Jfr. kap. 1.
Difor må Isarel betala for si synd.
Er det ofte slik? Ser me vår eiga tid som i eit speil her?

Han seier fleire ting i dette avsnittet:
1. Folket var gjenstridige mot Gud, v. 2.

Her er det tale om Israel i den gamle pakta. Det er ei sørgjeleg soge. Jesus seier i Mat. 23, 37: du som slår ihel profetane osv. Folket synda ofte, grovt og openlyst. Dei fylgde heidenske gudar og gjekk på den vegen som ikkje er god. Dei fylgde ofte sine eigne tankar og gjorde det det tykte var best.

Korleis er det med oss i dag? Korleis er det norske folk? Her er nok mange sider ved det. Mange er skuldige i fosterdrap (abort), og mange lever verdsleg i fest og kvardag. Mellom oss kristne merker me sløve hjarto og lunka kristne.

Det er sant som Jes. skriv i kap. 29, 13: Dette folket held seg nær til meg med munnen og ærar meg med leppene, men hjarta er langt borte frå meg. Og då er det galt. Mange i vår tid har det nok slik.

2. Gud var tålmodig, v. 2.

Heile dagen breidde eg ut hendene mine, seier han. Det var eit nådeteikn og kall til frelse. Han kan og vil hjelpa og gir oss alle lange nådedagar. I kap. 59, 1 skriv Jesaja: Herrens hand er ikkje for kort til å frelsa. Han har prova det gjennom dei mange år han kallar på folket – også her i landet vårt.

Gud har gitt oss tusen år med nådetid og tålmod. Norge har opplevd mykje nåde. Me tenkjer på årstal som 1814, 1905 og 1945. Dei vart til fridom for landet og folket. Korleis har me takka han for det? Framleis i dag er det nådetid trass i all den synd som florerar i bygd og by.

Difor må me forkynna Guds ord i Norge i dag meir enn nokon gong før.

3. Dommen – ei evig lov.

Ein gong tek tålmodet slutt. Då kjem oppgjersdagen. Det er ei evig lov i Guds rike. I v. 6-7 les me: ”Eg vil ikkje teia før eg får gjeve dei si løn.

Heile Bibelen fortel at Gud må døma synda. For synda si løn er døden, Rom. 6, 23. Tenk om folket ville skjøna det i tide!

Me seier det ikkje for å skremma folk. Men det er ein realitet. Det vil henda ein dag. Slik hausten kjem etter våren. Skal me ikkje forkynna dette nå – medan det er tid å snu?

Israel opplevde det – ved fangenskapet i Assyria og i babel og etter år 70 e. kr. då folket vart spreidde til mange land. Synda blir aldri ustraffa for noko folk. Det kan ta tid, men dagen kjem. Det må Norge sjå nå! Jer. 1,12. 4. Mos. 32,23.

4. Nye kall.

Når nokon seier nei til kallet, flytter ofte Gud lysestaken til andre land. Nye folk får høyra. Og det er alltid nokon der som tar imot. Det viser misjonssoga. I kap. 66, 18 står noko om det: Den tida kjem då eg samlar alle folk og tungemål, og dei skal koma og sjå herlegdomen min. Slik talar Gud.

Den puritanske presten frå 16-1700-talet i England skriv om dette ordet: ”Dette er ein profeti om heidningane som var langt bort, og som skulle koma nær til.” Og det er sant.

Lysetsaken vart flytta, slik Op. 2, 5 seier. Dels skjedde det ved misjonen og dels ved krig og uro i landa. Men Israel skal få ei ny nådetid der dei får venda om. Rom. 11, 26. Forherding er berre delvis kome over folket.

Og nå er det misjonstid. Gud byr seg fram og seier: Sjå, her er eg! Det er evangeliet som skal ut til alle folk. Gud kjem med si frelse og seier: ta imot, alt er ferdig – kom!

Er du framleis en ufrelst? Kjære deg – ta imot, det er nådetid på jord. Men veit du kor lenge den kan vare? Du kan få full tilgjeving for alle synder – om du kjem i tide.

Ingen kommentarer: