fredag 28. desember 2007

Jes. 52, 13-15

Dette avsnittet talar om Frelsaren. Det høyrer med til den såkalla fjerde songen om Herrens tenar som gjeld heile kapittel 53. Der er tale om den lidande tenaren for Herren.

Og teksten byrjar med orda: Sjå, min tenar. Og tenarar har me når eit arbeid skal gjerast. Gud hadde ei oppgåve som nokon måtte utføra. Han ville skapa ei frelse slik at syndarar kunne bli berga frå den evige fortapinga. Og kven kunne gjera det?

Berre Guds eigen tenar kunne det. Han hadde valt han ut og sende han til jord. Oppgåva var så stor og unik at ikkje noko menneske kunne ta på seg å sona all verda si synd. Difor måtte Guds eigen Son vera Guds tenar. Og julenatta kom han.

Korleis var han og korleis vart han motteken?

Ordet seier litt om det:

Her byrjar den fjerde songen om Herrens tenar, og desse versa er som ei innleiing til det mektige kapittel 53 om den lidande tenar. Luther delte inn kapitla slik at kap. 53 byrja ved kap. 52, 13. Overskrifta han ser er ”Om Kristi liding og herlegdom”.

Jesus er Guds tenar.

Han hadde ei oppgåve for sin Far – å frelsa dei fortapte menneska. Difor vart tenar ein tittel ofr hans som tala om oppgåva hans. Calvin skriv at folk ikkje skulle tru han var ein privatperson. Tenesta hans skal stå i fokus.


1. Han er vis, v. 13. han skal gå fram med visdom. Det er ofte slik at me gjer noko av god vilje, men øydelegg det sjølv ved måten me gjer det på. Me er uviselege og tek ikkje omsyn til noko.

Men Jesus gjekk viseleg fram. Han kunne det, for han var Gud. Difor gjorde han alltid alt rett. Og likevel fekk han motstand og vart mistydd. Det viser kor djupt folket er falle frå Gud og kor øydelagd vår natur er. me er ikkje i stand til å sjå Guds veg, og skjønar heller at han gjer det så viseleg som det kan gjerast.

2. Han er stor og skal bli større. Han kom frå himmelriket ned til jord. Men her skulle han bli for alltid. Han skulle lyftast opp frå jorda og bli overlag høg.

3. Han må lida mykje på lekamen, v. 14. Lidinga skal bli så uhyggeleg at folket vil undra seg over det. Han såg ikkje ut som eit menneske, står det. Slik var han ikkje i himmelen. Det er jordelivet og synda som har gjort det.

4. Likevel: Han blir til hjelp for mange, v. 15. Det viser kap. 53 og elles dei mange stader i Bibelen der fruktene av Messias skal visa seg. Mange folkeslag skal merka velsigninga frå han. Frelsa skal nå til dei ytste krokane av verda. Misjonssoga viser at det skjer. Mange vil bøya seg for han og ta imot frelsa. Til og med store leiarar skal gjera det (kongar).

Alle frelste må vedgå det som står her: Det me ikkje hadde høyrt eller sett før, opplever me i samfunn med Jesus. Så stor er frelsa.

Ingen kommentarer: