fredag 28. desember 2007

Jes. 52, 1-3.

Jes. 52, 1-3.

Dette er ord til Israel, om utfriinga frå Babel. Profeten talar profetisk inn i framtida. Difor seier han: Dei må vakna! Gjer deg laus frå det som bind deg.

Men det talar og til oss. Framhaldet i dette kapitlet og neste er om Messias – og han er for heile verda. Også vår utfriing er nær. Difor blir alle truande formana: Vakna opp, slik at du blir med!

Dette kjem att i Rom. 13, 11: Timen er komen då me skal vakna opp or søvne. Og i Ef. 5, 14 står det: Vakna du som søv, stå opp frå dei døde. Me lever i ei farleg tid. Det er mange krefter som vil gjera oss sløve og røva livet frå oss.

Me kan tenkja på fleire sider ved livet vårt der dette er naudsynleg. Lat meg nemna nokre her:

1) Du må vera vaken for ditt eige gudsliv. Det er aldri spørsmål etter kva me ein gong var. Heile tida gjeld det: Eig du livet i dag? Er du verkeleg frelst? Eller er du ein fråfallen, eller på veg bort frå Gud? Eg bed deg inderleg: Ransak deg sjølv og sjå---!

Til kyrkjelyden i Sardes står det: Du har namn av at du lever, og du er død. Vakna difor. Op. 3, 1-2. Og til dei kristne i Laodikea står det: Då du er lunka og korkje kald eller varm, vil eg spy deg ut or munnen min. Det skulle ikkje vera slik med det norske folk nå?

Dette skjer ved synd, verdslegdom og eit likegyldig liv med det åndelege. Kristendommen blir ein vane og dermed kvardagsleg.

Bodskapen til oss er slik: Kle dykk i høgtidsskrud! Det er Jesus for oss. Du må tilbake til krossen og det Jesu blod er for deg. I v. 3 skriv jo profeten: Utan pengar vart det atterløyste. Ein song uttrykker det slik:

”Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær, i blodet hans reinsa den er.

Den høver for himlen der gullgater er, den høver for vandringa her.”

Var du kledd slik, om Jesus kom i denne stund? Det er spørsmålet nett nå.

2. Me må vakna også for korleis kristenlivet vårt ert, for vandringa vår.

Er det rett etter Guds ord? Lever me i Guds vilje, eller står me sjølve ved roret? Paulus skriv eit underleg ord i Tit. 2, 10: Tenarane, slavane skulle elva slik at dei var til ein prydnad for lære til frelsaren vår. Livet vårt er med og forkynner Jesus for folk. Men kva slags bilete får dei av han gjennom oss?

Jesus ville at livet vårt skulle vera ein prydnad for evangeliet. Ordet på gresk for pryd er det same som kosmetikk. Og det pleier folk å bruka for å stasa seg opp, bli fin og tiltrekkande. Slik er livet vårt!

I omsetjinga (parafrasen) som heiter NYTT LIV, står det: ”På denne måten vil de skape et ønske hos folk om å tro på vår frelser og Gud.”

Kva slags ynskje skaper me hjå dei ufrelste? Det er sanneleg eit alvorsfullt emne.

Er det kanskje slik at me er fylte av sladder, kritikk og lureri eller ugreie med naboar og slekt?

Du er ingen stor syndar, seier du. Nei, det skulle vel berre mangla. Men i v. 2 her står det slik: Ryst støvet av føtene dine. Der er vel litt støv hjå deg og, slik eg finn i mitt liv og alle andre har det. Kan eg be deg så fint: Ransak ditt eige kristenliv, om du finn upassande støv!

Jesus gav læresveinane eit fint eksempel, i Joh. 13, 10: Han vaska føtene deira – og slik skulle me gjera og. Etter reisa hadde dei nok fått ein del støv på seg. Og det måtte bort.

Gjer deg laus nå – frå verda, synda av alle slag og det jordiske som vil knusa deg og gjera deg til ein verdsleg igjen.

I 1986 skulle dei fornya Fridomsstøtta i New York. Den var laga av kopar frå Noreg, frå Visnes på Karmøy. Den såg framleis fin ut på utsida. Då dei kom innafor, la dei merke til at rust hadde tæra bort mykje. Og det indre var viktigare enn det ytre. Ei heil fornying måtte til.

3. Dinest: Me må vakna opp for ansvaret for andre.

Me er Jesu vitne, og me skal vera med å vinna verda for Gud. Det er misjonsbefalinga. Jesus stoler på deg, og han vi kanskje syna deg ein liten flekk eller krok i hans åker der det ikkje er nokon ennå. Kanskje ein gammal har blitt trøytt i søndagsskulen eller i barnelaget og foreininga. Nå kviskrar han kanskje: Der er din plass.

Gud har bruk for deg. Du kan be – og mange kan vera på lista di. Nokre ventar at du skal koma på møta, det er og ein del av Guds rikes sak. Du kan tala vel om Guds ord og Guds folk når praten går. Det er lett å kritisera, men det byggjer ikkje opp.

Mange vil realisera seg sjølv, som det heiter. Det er eigentleg mykje egoisme i det. Der me sjølve kjem i midten, vil Jesus koma bort. Kan han rekna med deg nå?

4. Du ufrelste, fråfalne ven!

Du vil vel til himlen? Då er vegen til Jesus først. Nå vil eg bed deg: Ver vaken for det Guds ord seier: Søk Herren medan han er å finna, kap. 55,6. Og Paulus skriv: Sjå, nå er ei høveleg tid, nå er frelsesdagen. 2. Kor. 6, 2. Og i Hebr. 3, 7-8 står det slik: I dag om de høyrer røysta hans, då forherda ikkje hjarta dykkar.

Jesus spør etter deg. Vil du koma når kallet lyder. Det kan ta slutt og du sit att utan billett til himmelen. Amen.

Ingen kommentarer: