fredag 28. desember 2007

Jes. 60, 1-3. Til alle.

Jes. 60, 1-3+

Herrens lys skal skina – i Jerusalem og Israel. Det skal skina over deg. Det skal koma ein atterløysar for Sion, kap. 59, 20.

Jesus kom som verda sitt lys. Joh. 8,12. Han viste veg til himmelen. Alle som vil, kan koma.

Over deg skal Herren renna opp, v. 2. – Men jødar flest tok ikkje imot han. Joh. 1, 11. – Men ein dag vil deis eia ja til Jesus. Rom. 11, 26: Slik skal heile Israel bli frelst.

Ein grunn til at det var så naudsynleg, var det v. 2 sier:

Mørket dekker jorda.

Det er bilete på synda og all gudløyse mellom menneske. Det gjer at folket ikkje kjenner vegen til himmelen.

Heidningane er utafor Guds rike. Berre Jesus er frelse for dei og. I dette er jødar og heidningar like innfor Guds ansikt. I v. 3 finn me eit nytt uttrykk:

Folkeslag skal ferdast i ditt lys.

Det tyder at heidningane skal venda om til Gud og tru på Jesus, som er det sanne lyset. Til og med fjerne kystar ventar på Herren, v. 9.

I kap. 51,5 står det slik: Til meg skal fjerne kystar setja si von, og dei skal venta på min arm. Dette må tyda m.a.:

Evangeliet om Jesus skal nå ut til alle.

Slik seier han det i kap. 49, 12: Dei kjem langt bortanfrå, frå Sinnims land. Det er det gamle ordet for Kina. Ordet sinologi tyder læra om kinesisk. Kina er eit av dei land som er lengts borte frå oss og Midtausten. Guds ord skal altså nå til dei ytterste grenser, og det tyder alle folk og land.

Ingen kommentarer: