torsdag 7. februar 2008

Jes 12.

Jes. 12: Takk og glede.

Dette er Israels lovsong for frelse og frigjering. På same tid er det ein framtidsvisjon: Slik vil det bli, profetisk. Her er det trulegt fridomen frå Egypt og fiendar i landet og Assyria. Babel er ennå ikkje ein realitet, men det kan vera ein profetisk lovsong om den framtidige frigjeringa frå Babel. Bibelen er ei profetisk bok og ser soga heilt fram.

Det er ei salme. Me kristne kan synga den med stort frimot. Slik har me det og. Me får og ei oppmoding i v. 5 til å synga - og songen skal tona over heile verda. Alle skal få høyra om det Gud gjer. Sjå og Salme 103.

1. Først TAKK. Det er ein fin lovsongstone. Takken skaper lys og frimod. Eit takknemleg sinn er ein stor styrke i livet. Det er gjer oss nøgde med det me har og ser alt som gåver frå Gud. Utan takk går me ofte trøytte - både av livet og i tenesta for Gud. Finn noko å takka for - du blir glad då.

I Salme 50, 23 står det: Den som ofrar takkseiing, ærar meg. Gud får ære når me takkar. Det må vera ei god teneste. Etter bestemor mi fekk ein pakka gamle mannakorn. Dei er skitne og har preg av mange feite fingrar. Eg ser henne for meg: Midt i matlaginga måtte ho finna eit ord - ho skulel "få" det ved å trekkja eit kort. For Guds ord gjer oss takksame når me ser Guds gjerningar for oss.

Paulus skriv i 2. Tes. 1,3 at me er skuldige å takka Gud alltid! For han gir oss jo alt. Difor skriv han i 1. Tes. 5, 18: Takk for alt, for detter er Guds vilje. Og Ef. 5, 20 seier noko om at me alltid seier Gud og Faderen takk for alle ting.

Det er det rette sinn. Men me må nok øva oss i det - slik 1. Tim. 4, 7 seier: Øv dykk i gydsfrykt.

Eg var nedtyngd ein gong i unge år. Ein Herrens tenar såg det og sa stille til ungdomen: Kan du ikkje finna EIN ting du er glad for, Nils? - Det vekte meg. Sjølvsagt hadde eg det. Og eg fann mykje eg kunne takka Gud for. Eg måtte tenkja gjennom alt eg hadde - det eg hadde teke som sjølvsagt. Slik har eg gjort fleire gonger seinare. For me gløymer så lett...

2. Kvifor takka Israel?

Jo - Gud var med dei - og det trøysta dei. Herren er harm på synda når me ikkje vil gå Guds veg og gjera hans vilje. Slik hadde Israel vore. Han var vreid på dei. Men den tok slutt då dei omvende seg frå synda.

Slik er det nå og. Av natur vil me gå vår eigen veg. Me har ikkje sans for Guds vilje. Difor kallar han oss attende tils eg. Då fekk me sjå at me var fortapt utan Gud. Og me høyrde kallet - og då skjedde noko. V. 2 er vitnemålet: Gud er mi frelse! Eg er trygg. Dette vart det største i livet vårt - og det var ein god gledesgrunn. Og då kom takkesongen.

Jesus er vår frelsar. Me kan ikkje gløyma det og ikkje halda opp med å takka han og fortelja om dette til andre. "Han tok min tunge byrde, han stillet stormens jag..." I oss sjølve er me kraftlause - berre i Han er me frie. Gal. 5, 1.

3. Slik er framtida og.
Heile livet får me ausa livsens vatn frå frelseskjeldene, v. 3. Me treng ikkje lenger dei sprukne brønnane i verda, og me har ikkje lyst til dei heller. Det smakar betre med evangeliet om Jesus. For der er kjelda. Me les om det i Guds ord, difor treng me det dagleg. Med glede gjer emd det. Det er ikkje lenger ein tvang eller plikt.

Her hentar me glede og trøyst og hjelp på vegen. Der er nok vatn - strauamar av levande vatn, sa Jesus. Joh. 7, 37f.

Djevelen vil hindra det, han står imot oss og vil røva gudslivet frå hjarta. Men Herren Herren er mi kraft, står det. Og den er mektigare enn Den Vonde. Så er det eit takkeemne også.

4. Me skal forkynna frelsa.
Kunngjer dette mellom folka, v. 4. Ordet om Jesu frelse skal ut til alle folk. Det er misjon. Me ser det alt i GT, men klårast kjem det fram seinare i NT. Me må ikkje halda det for oss sjølve. Me må senda det til dei ytse endane av jorda, v. 5. Det er ikkje vårt arbeid - det er alt saman Guds verk.

Ingen kommentarer: