torsdag 7. februar 2008

2) Jes. 1, 1-6+13-14.

ISRAEL.

Jesaja levde ikring 740 f. kr. Til om lag 690. Det var ei stor fråfallstid i sør-riket Juda. Folket var Guds folk, men levde midt i verda mellom heidningar. Jesus viser til hans tid i Joh. 12, 38f. Dei kunne ikkje tru, seier han. Israel er eit spesielt folk og står framleis i ei særstode. Men på same tid er dei bilete på oss kristne på mange måtar. Det er klare parallellar mellom vår tid og Jesaja si tid.

1. Israel var eit fråfalle folk.

Tenk det! Guds folk går bort frå sin Gud. Men slik har det vore ofte – i Israel og hjå oss. Det same ser me då Jeremia var profet, Jer. 8, 5: Dei er falle frå med eit evig fråfall. Dei hadde opplevd Guds godleik, v. 2. Han hadde fostra dei, men dei skjøna ingen ting av det, v. 3. Dyra var betre, dei skjøna!

I v. 3 seier han dei er eit syndig folk og hadde gått bort frå sin Gud. Der ligg den djupaste årsaka. Dei vanvørde Herren og forakta han. På dansk står det dei hånte Herren. Det er sterke saker. Ein skulle tru det var sagt om heidningar.

Korleis er det i Noreg nå? Verda er alltid verdsleg – men kanskje ho er grovare nå enn på lenge. Og me kristne? Er me ikkje sløve og lunkne og prega av svevn, strid, verdslegdom og lite brennande bøn? Guds rike er ikkje det viktigaste for mange.

Eit par døme viser det. Søndag er lite heilag for folk flest. Me ser til og med kristne som arbeider i hage og hytte på søndag. Var ikkje det meint som ein heilag dag? Og tilhøve til foreldra – korleis er det mange stader? Mon ikkje respekten og vørdnaden er borte hjå mange. I mange heimar er det borna som styrer og kommanderer mor og far, og skjeller dei ut med stygge ord. Eg har vore im mange heimar i mitt liv og sett slikt.

Guds ord seier me skal æra foreldra. Det er meir enn ord. I v. 4 seier profeten: Det er eit folk som er tyngd av misgjerning. Synda er då blitt stor. Og dommen over israel i v. 6 er hard: Alt er vondt, seier Herren.

Og det stemmer med NT. Paulus skriv i Rom. 7, 18 om seg sjølv: Eg veit at i meg, det er i kjøtet mitt, bur inkje godt. Og det seier han som ein kristen. Det har nok vore ei smertefull erfaring for apostelen. Slikt er vanskeleg å innrømma for oss. Men det er sant.

Dette sinn er frukt av syndefallet. På Noah si tid var det og slik. Alle tankar var vonde heile dagen, 1. Mos. 6, 3. Og nå er me styggare enn nokon gong før. Og det vil auka fram mot den aller siste tida. Det ser me i t.d. 2. Tes. 2, 3-5 og 1. Tim. 4, 1.

2. Kva gjorde Israel då?

Dei prøvde å retta på det sjølv. Dei ofra til Herren og heldt slik rituala oppe. Den ytre religion var i orden. V. 13. Men det var ikkje den rette vegen. Gudsteneste og ytre religion er nyttelaust om ikkje hjarta er med.

I Jes. 29, 13 står det: Fordi dette folket held seg nær til meg med munnen og ærar meg med leppene, men hjarta er langt bort frå meg, og deira age for meg er eit menneskebod som dei har lært, sjå, difor vil eg framleis gå underleg fram mot dette folket… Det blir sitert i Mat. 15, 8 om folket på Jesu tid. Og det gjeld like mykje oss.

Folk vil nokre gonger dekka over ein dårleg og falsk kristendom med offer og gode gjerningar og ytre gudsteneste. Men i Jes. 1, 13 seier Herren: Eg toler ikkje høgtid og urett saman.

I ein song lyder det slik: ”Ja, så er det ikke frelse i å pynte på seg selv, eller om man går på møte hver en kveld. Nikodemus fikk det svar, og det gjelder og i dag: Du fødes må på ny.”

Då treng ein Guds ord og bodskap.

3. Kva gjorde Gud?

a) Han innbaud den fråfalne – til oppgjer og omvending, v. 18 og 25. Men her er det ikkje to likeverdige partar der begge skal gi og få noko.

Her er det meir som då krigen slutta i 1945: Den tapande parten måtte kapitulera – utan vilkår. Dei skulle leggja alle våpen ned. Sigerherre skulle diktera vilkåra.

Her får folket høyra: Du må reinsast, v. 16. Du kan ikkje vera eit Guds barn slik du er. Og i v. 18 forkynner då profeten evangeliet: Lat oss gå i rette med kvarandre – Om syndene er som purpur, skal dei bli kvite som snø.

Det er den totale forandring som skjer. Slik går det føre seg i den nye fødsel når ein syndar blir frelst: Frå blodige synder til rein og rettferdiggjort kristen. Og det skjer ved Jesu blod, 1. Joh. 1, 7. Me ”blir himmelen verdig” i Jesus.

b) Dei som ikkje vil? Kva skjer med dei?

Underleg nok er det menneske som ikkje vil ha noko med Gud å gjera. Dei smyg seg unna eller vender seg frå Han i trass. Då lyder v. 28: Dei som går bort frå Herren skal gå til grunne. Det er fortapinga. Då er det ikkje lenger noka von.

Må Gud sjå i nåde til vårt folk også, og senda ei ny vekkjing.

Då vil folket synga slik: (Sangboken 279)

Da eg fikk se at eg en synder var,

en fattig sjel som intet i seg har,

Da fikk jeg se det blod på korset rant,

og legedom for sjelesmerten fant.

Amen.

Ingen kommentarer: