onsdag 9. januar 2008

Jes 50, 4-9

Jes. 50, 4-9.

Dette er den tredje songen om Herrens tenar, etter den frøste i kap. 42, den andre i kap. 49. Sidan kjem den fjerde og siste i kap. 52-53. Denne tredje songen er eit preludium til den store songen om den lidande tenar i kap. 53, som den engelske predikanten Alexander Maclaren seier.

Også i denne songen er det tale om liding, men me får ikkje vita kvifor han lid. Det er først kap. 53 som gjer det klart. Desse versa kan høva både for Jesus Messias og for ein kristen. Vers 4 er viktig og sentralt: Herren har gjeve meg ei læresveins-tunge. Der ligg ei av oppgåvene hans.

A. Messias.

1) Meininga er at tenaren har fått kunnskap av Herren slik at han kan tala trøyst og hjelp til dei som treng det. Messias var vel førebudd då han kom. Som ein læresvein må gjera det Meisteren seier, er alt det Messias talar frå Gud. At denne førebuinga også inneheldt liding og død, får me først vita i kap. 53.

Kvar morgon blir han vekt, og det minner oss om at Gud heile tida er merksam på kva me treng. Og tenaren er lydig og gjer det Gud vil. Han stridde ikkje imot, v. 5 (Då Jesaja levde, visste dei ikkje at Messias var Jesus og Guds Son, difor skriv han slik. Guds Son vil sjølvsagt gjera det Gud vil.)

2) Tenaren måtte lida, v. 6. Her er det tale om fysisk, lekamleg liding. Det minner om Jesu liding i Mat. 26, 67ff og kap. 27. 26ff og Joh. 19, 1ff. Det gjekk slik profeten hadde sagt. Men det viser og kor fullstendig lydig tenaren var. Han veik ikkje unna og gøymde seg som slag og hån.

Folket var altså imot han. Dei ynskte han ikkje velkomen og tok ikkje imot den frelsa og trøysta han hadde fått å gå med.

3) Tenaren sette si lit til Gud, v. 7ff. Han var trygg på at Gud ville hjelpa han. Difor ser me her noko av det åndelige livet hjå Messias, med tillit og tru til sin Gud. Han veit at han ikkje skal bli til skammar – dvs. han skal sigra til sist. Motstand og liding er førebels. Det kjem nye dagar. Då skal fienden tapa, ”og møll skal eta dei”.

4) Tenaren si oppgåve er å hjelpa dei svake, v. 4. Han skal styrkja den trøytte. I lys av NT er det tydeleg at dette er ei åndeleg oppgåve. Han skal ikkje berre vera doktor og hjelpa dei sjuke. Han ser at dei trøytte og svake er slik på grunn av synda. Difor er det hovudoppgåva hans.

Og korleis skal han hjelpa og trøysta? Han gjer det med sine ord! Noko anna duger ikkje. Og slik skjer det når Jesus skal hjelpa ein syndar: Han ber oss ikkje om å ta oss saman, gjera mange gjerningar eller gråta i veker og dagar.

Han seier: Tru på meg. Eg har sone di synd og betalt alt. Frelsa er di av nåde – på grunn av mi gjerning. ”Ordet forkynner at mine synder, kommer han aldri mer i hu.” Har du kome til han?

B. Ein kristen.

Me har og fått ei læresvein-tunge. Gud vil tala med oss og læra oss vegen. Er me og lydige og viljuge som Meisteren var det? Høyrer me det Gud seier i sitt ord?

Og det me sjølv har fått, kan me bera vidare til andre. Trøysta i evangeliet gjeld alle. Og alle må bli frelste på same måten. Den beste hjelpa me kan gi, er å lesa eit vers eller to frå Guds bok. Det kan vera til ein sjuk eller gamal, eller til ein som er åndeleg sliten og trøytt. Då hjelper ikkje ein setning frå Snorre eller ei avis. Men Bibelens ord har kraft i seg til å reisa opp den svake.

Ingen kommentarer: