onsdag 9. januar 2008

Jes 49, 1-6

Jes 49, 1-6.
Den andre Herrens-tenar-songen om Messias.

Jes. 49, 1-6. Den andre Herrens-tenarsongen.
Messias skal verta vanvørd, men likevel bli frelsar for alle.


Jes. 49, 6. For lite.
Det er Gud sjølv som talar med og til Sonen sin, Messias. Han er Herrens tenar. Her seier han m.a.: Det er for lite at du er tenar for Jakob. Du skal reisa opp att heile verda. Her er ein profeti om Messias som vart oppfylt i Jesus.

Me kjem også nå attende til syndefallet og synda som har øydelagt alt i folket. Fallet i Edens hage gjorde alle til syndarar utan syn og vilje til å gå Guds veg. Profetien om Guds frelse gjeld:

1. Israel.
a) Nasjonalt
skal Israel få igjen landet sitt og bli ein nasjon som då David og Salomo var kongar. Messias skal atterreisa folket og landet. Difor er 1948 eit viktig årstal i profetien si soge. Etter mest 200o år var det atter ein jødisk stat i verda og dei kalla han ”Eretz Israel” – Israels land. Israel skal ikkje vera ein vedrsvid stat med herredøme over andre folk, men dei vil vera herre i eige hus som me alle ynskjer.

b) Åndeleg.
Guds plan er ikkje berre at jødane skal få att landet sitt som dei fekk lovnad om ved Abraham. Gud vil at alle menneske skal bli frelst (1. Tim. 2, 4). Og han har ordna det slik at det kan me berre bli ved eit einaste namn som er gjeve under himmelen. Det er Jesus. Apg. 4, 12. Det siste ordet var forresten sagt til jødar. Profetordet seier at ein dag skal heile Israel blir frelst. Rom. 11, 26. Me har altså noko i vente, det skal skje noko stort med det folket.

2. Heidningane.
Det var ikkje nok at Messias skulle berga Israel og vera frelsar for dei. Alle folk er skapt av Gud og er difor med i Guds frelsesplan. Det står noko om det her også:

a) Eit lys.
Messias skulle vera eit lys for heidningane. Dei lever i eit forferdeleg åndeleg mørke som viser att i moral og samfunn. Dei kjenner ikkje Guds veg og finn ikkje fram ved eige vit og forstand. Difor søkjer dei til døde gudar og er sjølv åndeleg døde. Ein blind kan ikkje leia ein blind, og døde kan slett ikkje visa veg for levande.

Her kom Jesus som lys for verda og viser veg til himmelen på same tid som han er vegen. Han kom for å gjera Guds vilje, Johs 9, 4. Difor kan me berre koma til Jesus og gi oss over til han. Han vil føra oss vel fram til målet.

b) Mi frelse, står det.
Det er Gud som seier det. Jesus kom som Guds tenar og frelsar for verda. Og han var Guds eigen Son. Det var Guds verk han gjorde då han var på jord. Ropet på høgda utafor Jerusalem var til Gud og det lydde over alt folket. Han seier til far sin: Nå har eg gjort alt. Det er fullført. Johs 19, 30. Då blodet rann og livet ebba ut, var forsoninga ferdig for heile verda og nåden ligg klar for alle.

3. Til enden av jorda.
Gud sa til sonen: Mi frelse må nå ut til enden av jorda. Alle var med i frelsesverket og gjeld difor kvar einaste sjel på jorda. Det tyder at misjonen også må ut til alle. Guds ord skal lyda i kvart land og kvar stamme og for kvart språk på jorda. Misjonsfolket kan ikkje vera nøgde før kvar bygd i alle land er nådd med evangeliet om Jesus. Misjonærane skal gå til kvar grend, og Guds born i alle land må be han som eig grøda senda ut mange nye. Og så skal me for for misjonærane og dei nye kristne i andre lnad og for heidningane. Det er vårt største teneste for dei. Det står at det kjem frelste frå alle land. Op. 5, 9 og kap. 7, 9.

Nå gjeld det deg! Vil ikkje du vera med til himmelen? Han gjekk i døden for din del, og det er ennå rom i Guds rike. Det er mogleg å koma nå.
Blir du med?

Ingen kommentarer: