fredag 28. desember 2007

Jes. 54, 10. Pakta med Gud.

Jes. 54, 10.

Her er det tale om ei pakt, og v. 9 viser til pakta med Noah: Gud skulle aldri meir øydeleggja alt i verda ved ein flaum. Det var Guds eid. I v. 3 er dette utvida til å gjelda heidningfolka. Slik viser Gud i den gamle pakta fleire gonger at frelsa skal gjelda for alle folk i heile verda. Det er den fredspakta han talar om. Her gjeld det ikkje politisk fred mellom alle land. Her talar han om fred med Gud.

1. Oppretta på Golgata.

Den nye pakta vart oppretta på krossen, særleg då Jesus ropte Fullbrakt. Joh. 19, 30. Jesu død og blod betalte for alle synder. Og i oppstoda sa Gud: Eg er nøgd. Då var alle syndarar rekna med. Difor er det mogleg for alle å få fred med Gud.

I Kol. 1, 20 skriv Paulus: Han gjorde fred ved blodet på krossen. Og til Efesarane kap. 2, 14 skreiv han: Han er vår fred. Det får me når me tek imot han.

2. Fastare enn fjell.

Denne pakta er sikker og trygg, ho er fastare enn fjell. Og dei kan ikkje skakast eller rikkast bort. Alt i denne verda er eigentleg usikkert, våre eigne planar og gjerningar og alt meg gjer. Det ser me nærast kvar dag.

Men Guds miskunn og nåde er fast. For det kviler på Gud. Han gjer alt til vår frelse og tar alle omkostningar. Hans miskunn skal ikkje vika frå oss, står det. Det er ein trygg og sikker grunn.

3. Noah fekk teikn.

Då Gud gjorde pakta med Noah, viste han eit teikn: bogen i skya. Alle fargar er med der. Me veit at denne bogen har naturlege årsakar når lyset bryt gjennom regndropane. Men Gud brukte dette og sa: Så lenge det skjer, skal det ikkje koma ein slik flaum meir.

På Golgata har me eit like sikkert teikn. Det er krossen. Og det som hende der, er skildra i kap. 53. Då Jesus hang der, hende alt som skal henda om vår frelse. Det er ein evig kross på den måten.

Difor må me alltid løfta fram krossen, for alle treng han.

Ingen kommentarer: