fredag 28. desember 2007

Jes. 53, 10-12.

Jes. 53, 10-12. A.

I denne teksten finn me nokre mektige ord om Jesu liding. Dei viser alvoret i synda og djupna i evangeliet. Det må stå noko både om synda og om nåden i Guds ord. Ellers blir forkynninga ingen ting.

Kva står det så om Jesu liding og kamp for vår frelse? Noko kan me samla her:

1. Gud hadde hugnad i å knusa Jesus, v. 10. På bokmål er ordet ”behaget” nytta. Luther omset at Gud ville knusa han. Det stemmer med orda: Herrens vilje skulle ha framgang.

Det var altså Guds plan å ordna alt slik. Jesus måtte døy syndaren sin død, v. 5. Og det er å bli knust under dommen.

For dette var den einaste veg til frelse. Jesus måtte tola det verste, han vart til og med ei forbanning for oss, Gal. 3, 13. Utan dette, ville alle menneske gå fortapt. Så alvorleg er synda. Jesus tok vår liding og dom på seg, og slik vart han vår stefortredar. For Gud elska verda så høgt at han måtte gjera det. Joh. 3, 16. Synda var stor, difor trong me ei sterk frelse.

2. Gud gjorde sjela hans til eit skuldoffer. V. 10 b. Dette var det Herren ville. Eit offer måtte til, for å gjera soning og gje betaling for syndeskulda. Sjel tyder her liv, og det er den største gåva ein kan gje. For det er alt me har. Det står om fleire offer i GT, til ulike synder og tider. I dette tilfelle skulle offeret godtgjera og erstatta synda med full verdi. Etter jødisk lov skulle dei i tillegg gje 1/5 del aller 20 % meir enn det dei t.d. hadde teke. 3. Mos. 5, 23. I v. 19 står det slik: han har vorte skuldig for Herren.

Slik blir det når me syndar. Synda må erstattast med meir enn verdet. Først då fekk dei tilgjeving.

Jesus er vårt offer. Han ble lagt på altaret og son skulda vår. Og han erstatta alt – og meir til. Det tyder lammet for oss.

3. Han skal bera misgjerningane deira, v. 11. Det står i fleirtal og tyder då: Alle synder i verda er samla. Kvar einskildt skal erstattast. Og det skulle skje ved eit einaste offer, Hebr. 10.

Jesus bar denne dommen på krossen. Peter var ein av dei som svikta Jesus stort. Lenge etterpå skreiv han slik: Han som var våre synder opp på treet. 1. Pet. 2, 24. Han visste at han hadde synda – og han visste at hans personlege synder var med på krossen. Det gjev frimot!

Og døyparen seier noko stort: Guds lam ber verda si synd. Joh. 1, 29. Heile verda var med. Då er det von for alle.

I kap. 53, 12 seier profeten: Han som bar mange sine synder. Her ser profeten den store mengda av synd. Han blir overvelda: Her er mykje synd – og Herrens tenar skal bera alt saman!

4. Han tømde si sjel til døden, v. 12. Det talar om det totale offer. Han hav heile livet sitt, og tømde seg liksom ut til siste blodsdråpe. Han kunne ikkje gjera meir! Nå var alt ferdig – og det sa han så tydeleg på krossen då han ropte: Fullbrakt.

Luther skriv at det ”i heile Skrifta i GT er det ingen klårare tekst om Jesu liding”. Her har du alt. Du treng ikkje meir. Sei det til sjela di i tunge stunder. Rosenius skriv at Jesu død er ”den store hovudlærdomen i alt Guds ord”.

Der er meir enn nok for deg. Når du har synda, når du kjem i anfekting og når tvilen set inn med stormangrep på sjelslivet ditt – gå til Jesu død. Du er frelst på det, og fullstendig rettferdig for Gud.

Og det får du – ved at me kjenner Jesus, v. 11. Difor vil me tala og vitna om det. Det er her frelsa er.

I Joh. 17, 3 ber Jesus: Dette er det evige livet at dei kjenner deg den einaste sanne Gud og Son hans…

Og Paulus skriv: Så eg kan kjenna han. Fil. 3, 10.

Jesus gjer oss rettferdige, han frikjenner oss frå alt – ot tilreknar oss alt han har.

Gud for alle rike, dømmer selv og sier: Denne, han er fri!

Jes. 53, 10-12. B.

Nå vil me stansa for resultatet og fylgjene av Jesu liding og soning.

1. Først: Jesus blir metta, v. 11. Han skulle sjå at det lukkast og at det vert frukt av lidinga hans. Trass i døden skulle han sjå. Det må vera eit uttrykk for Jesu oppstode frå dei døde. Me finn den same tanke att i t.d Salme 16, 10f.

Og i Fil. 2, 9-11 kommenterer Paulus dette og skriv: Difor har Gud storleg opphøgd han. Jfr. Hebr. 12, 2.

Det blir altså glede i himmelen – ikkje berre over ein syndar som blir omvendt. Luk. 15, 7 og 10. Dei fryda seg då Guds Son kom att frå jorda og dødsriket. Kvar syndar som blir frelst er ei gåve til Jesus frå Faderen, Joh. 17, 6. Alle desse er til saman Jesu brud som er i himmelen, Åp. 21, 9.

Berre slik blir Jesus tilfreds. Då får han løn for sine smerter og sår.

2. Dinest: Jesus får mange. Eg vil gje han dei mange til del, v. 12. Den frelste skaren som ingen kan telgja kjem frå alle land til alle tider i soga. Åp. 7, 9 og 5,9. Himmelen blir altså full av frelste sjeler. Jesus seier det klårt i Mat, 22, 10: Huset vart fullt av gjester. Ingen ledige stolar finn du er. For mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords i Guds rike, Mat. 8, 11. Du er vel mellom dei?

I v. 12 står eit anna uttrykk: sterke skal han få til bytte. Dei fleste i Guds rike er visst dei små og ringeakta, som Paulus skriv i 1. Kor. 1. Men det vil vera nokre sterke, står det her. Ein av dei var Paulus. Han var ein av dei lærdaste i si tid, men Jesus fekk bøya han. Det skal ofte mykje til for å frelsa dei store og mektige. Men me kjenner til at kongar og fyrstar har vore truande. Og den lovnaden stod her i v. 12.

3. Jesus skal gjera syndarane rettferdige. Av natur er me ikkje det. Synda tyder det motsette av rettferd. Me lever av natur i opposisjon til Gud. Og synda har teke frå oss alle krefter til å bli rettferdige sjølv. Det maktar me ikkje.

Men Gud har skapt ein utveg: Ved å kjenna Jesus som vår frelsar, skjer det. Joh. 17, 3: Dette er det evige livet at dei kjenner deg … Rettferdiggjeringa er hovudpunktet i kristentrua og hjå Luther.

a) Luther kalla frelsa og rettferdiggjeringa for ”det salige bytte”. Me fekk byta den skitne syndedrakta ut med Jesu fullkomne rettferd. Han hadde betalt alt og ordna frelsa heilt og fullt. Då han døydde på krossen, sona han alle synder. Han tok konsekvensen av synda vår og bar dommen, v. 10.

b) Når me kjem til han og erkjenner det at me er fortapte i synda, tilgjev han alt. Og då kler han oss i si eiga rettferd. Me kan ikkje skjøna dette fullt ut, men me får tru det.

Han gjer oss ikkje rettferdige slik at me vert fullkomne i oss sjølve og aldri tenkjer eller gjer ei syndig gjerning. Rettferdiggjeringa skjer ved at Gud held dom over syndaren. Då ser han ikkje på vårt liv og våre feil og synder. Han ser berre på den rettferdsdrakta me fekk av Jesus. Så seier han: Eg erklærer denne syndaren for å vera rettferdig. Han er frikjend frå alle synder og er nå fullkommen i Jesus.

Nå handlar han med oss som om me var fullkomne i alt. Det seier Pontoppidan også noko om: sp. 503: Han anser oss i Kristus som om vi aldri hadde syndet. Me er ikkje betre i oss sjølve, men i Kristus. Det er den store løyndomen.

Å kjenna Kristus er ikkje berre historisk kunnskap. Det er ei erfaring, i fylgje med Jesus. Og det kan berre skje i tru, utan våre gjerningar. Mange bibelvers viser det: Fil. 3, 8-10, Rom 3, 21-25. 28; 4, 11; 4, 25; 5, 1 og 19.

Vers 12 talar og om misjon og om at den vil lukkast. Han vil få mange som løn. Og i kap. 54 er tale om heidningane som får del i frelsa. Fleire stader står det om dette. Difor heiter det i Misjonsbefalinga: Gå ut i all verda. Mat. 28, 19.

Ingen kommentarer: